»
Historikk
HD Maskin har si
historie heilt attende til 50-talet. Då starta Halvor Draugedal vegarbeid
med bulldoser og traktor med borutstyr. Eivind Haugo fekk arbeid hjå svogeren sin
Halvor i 1960, 15 år gamal, og har sidan vore i firmaet. Den 3. juni 1975 vart
firmaet omdanna til aksjeselskap der Ingebjørg og Halvor Draugedal og Eivind
Haugo dela aksjeane likt mellom seg. Det var tunge år på slutten av 80-talet og byrjinga på 90- talet. Firmaet
hadde tapa pengar på fleire store prosjekt, men greidde seg "igjennom
stormen".
Årsskiftet 94-95 kaupte Eivind Haugo, Tarjei Haugo Torgersen, Karl Martin
Draugedal og Tarjei Draugedal maskinparken etter Halvor Draugedal AS. Dei danna då firmaet Haugo Draugedal
Maskin AS med like store andelar
kvar. Seinare same året tok dei og over det gamle selskapet Halvor Draugedal
AS, og dela aksjeane likt mellom seg. Dette grunna den opparbeidde tilliten
og kontrakter Halvor Draugedal AS hadde med vegvesenet.
I 2005 var det 30 års jubileum for Halvor Draugedal AS samt 10 års jubileum
for nye eigerar. Me tok no steget fullt ut og tok attende navnet me nytta i
1995 då me tok over, men no med ein & i mellom navna. Dette følte me var
naturleg då firmaet ikkje hadde noko med Halvor Draugedal som person å gjera
lenger.
Me
vonar at framtida vert like innhaldsrik som fortida. |