»
Om oss
Haugo og Draugedal Maskin AS er eit godt gamaldags maskinentreprenørfirma med hovudkontor og
verkstad i Kviteseid, samt eit kontor i Høydalsmo. Eigarane er i
dag Karl Martin Draugedal(styremedlem), Tarjei
Draugedal(styreleiar), Eivind Haugo(styremedlem) og Tarjei Haugo
Torgersen(styremedlem og dagleg leiar).
Arbeidsstokken tel i dag 15 karar og
2 kvende. Alle maskinførerane har fagbrev, dei fleste etter å ha
vore lærling hjå oss. I dag har me ein lærling.
Me har i dag 2
arbeiderar med ADK-sertifikat, i tillegg til at ein er under
utdanning. 4 av våre tilsette har sprengningssertifikat kl. A.
Vårt
arbeidsområde er innan vegbygging, fjellsprenging, kommunale
anlegg, tomter, transport/brøyting, anleggsgartnararbeid og
liknande.
Våre kundar
er alt frå Guro oppi dalen til stat og kommune. |