» Tenestar

Kommunale prosjekt
HD Maskin er godkjende for arbeid med vatn og avløp. Dette er noko av det arbeidet me utfører mest av. Det kan vera større kommunale oppdrag i samband med opparbeiding med boligfelt, men og enkle jobbar med private stikkledningar.
 

Fjellsprengning
Fjell er noko av det som særmerker Telemark, dette støter me på dagleg når me grev. Difor har me moderne borutstyr og flinke skjotebasar til å taka seg av dette.Telemarkingar likar fjell både i påska og i grøfta.

Tunnel
HD Maskin tek på seg opplasting og utkøyring frå tunnel.

Transport
HD Maskin har ein moderne bilpark, og tek på seg alle typer transport-oppdrag. Firmaet har drive med lastebilbrøyting i 25 år, og har i dag 3 bilar og 1 traktor som går i brøyting.

Vegarbeid
Veganlegg har vore ein stor del av HD Maskin si historie. Me har vore ein aktiv part i nær sagt alle veganlegg som har vorte utført i øvre delar av fylket. Maskinparken vår har eit vidt spenn og me kan difor ta på oss alle typer vegarbeid.

Grunnarbeid
HD Maskin er ofte underentreprenør på store byggeprosjekt. Me utfører alt frå utgraving av tomt, til oppussing og gartnararbeid kring det ferdige bygget.

Tettstadprosjekt
Dei siste 8 åra har firmaet spesialisera seg på tettstadprosjekt. Dette er opprustning av sentrumsgater, og omfattar alt frå overvatnsanlegg til ferdig fortaug med kantstein, natursteinsmurar, benkar og planting av blomar og tre.

Tenestar - Muring av båtbrygge
Muring av båtbrygge

Tenestar - Høydalsmo sentrum
Sentrumsprosjekt i Høydalsmo

Tenestar - Høydalsmo sentrum
Tunnelprosjekt i Seljord - Grunnåi Kraftverk

 

Haugo & Draugedal Maskin AS · Kviteseid · Tlf: 35 05 34 84 · Fax: 35 05 32 87